Nytt regionskontor i Bergen

31.08.2017
Store lokaler.JPG

Den 30. august var ein milepel for MEF og OKAB i region vest, da det nye regionskontoret vart opna på høgtidelig vis.

- MEF og OKAB har fått moderne lokaler som er framtidsretta, tilrettelagt for godt arbeidsmiljø og samhandling i kvardagen, sa adm. dir. i MEF Trond Johannesen da han opna det nye regionskontoret i Bergen.

Tilstades på opninga var styra i MEF avd Nord-Rogaland og Hordaland, MEF avd. Sogn og Fjordane, styreleiarane i OKAB Nord-Rogaland og Hordaland og OKAB Sogn og Fjordane, samt tilsette i region vest.

Offisiell opning ved adm.dir i MEF, Trond Johannesen



Fleire kurs på heimebane

Dei nye lokala er profilerte i MEF profil, der målet er at ein skal skape ein identitet både for tilsette og for medlemane som kjem på besøk og treng hjelp i ulike saker. Kontora innehar eit stort møte/kursrom (med plass til 24 personar) for å kunne gjennomføre så mange kurs som mogeleg på regionskontoret i staden for å nytte lokale andre stader i Bergen.

Alle avdelingar får eige møterom.


Dette vil vonarleg skape ein meirverdi for oss som arbeider i MEF og OKAB, for medlemsbedrifter og forhåpentlegvis gje nye medlemsbedrifter.

- Vi ønsker alle, både medlemmar og samarbeidspartnarar velkomne hit til oss, seier regionssjef Paul Olaf Baraas.

Dei nye lokala er lokalisert Eidsvågfabrikker, Eidsvågbakken 1, 5105 Eidsvåg.

Kontakt oss

MEF
Postboks 505 Sentrum
0105 Oslo
Telefon: 22 40 29 00
E-post: firmapost@mef.no

Besøksadresse

MEF
Fred. Olsensgt. 3
0152 Oslo (NB! Kun besøksadresse)

Snarveier

Nyhetsarkiv
Medlemsoversikt
Intranett for MEF ansatte
MEFs KS/HMS
Anleggsmaskinen