Alt klart for Loendagane 2017

20.09.2017
Loendagane 2017 banner mef.no..jpg

MEFs påtroppande administrerande direktør Julie M. Brodtkorb deltek på Loendagane på Hotel Alexandra 22. – 24.september.

Loendagane er eit arrangement der medlemsbedriftene deltek med sine familiar og tilsette. Normalt kjem det mellom 6 - 700 personar. Det er påmeldt 50 leverandørar til utstillinga inne og ute på årets Loendagar. Dei representerer det meste som anleggbransjen treng, programvare, utsyr, maskiner, bilar med meir.

- Vi reknar med opp mot 3000 besøkande i løpet av helga, der laurdag er dagen med mest besøk, fortel regionsjef Paul Olaf Baraas.

Fredag 22. september blir det seminar for medlemar med MEFs advokatar Thomas Kollerød og Tone C. Gulliksen. Her blir dagsaktuelle temaer fra entepriseretten diskutert. Påmelding gjerast på e-post loen@mef.no, eller på telefon til Heidi Drange 477 51 435 eller Trine L. Sandneseng 957 83 311. Gratis deltakelse for en ansatt fra kvar medlemsbedrift.

- Laurdag 23.september mellom kl 11.00 – 12.30 er det fagseminar i Loensalane. Der skal styeleiar i MEF, Arnstein Repstad og MEFs nye adm.dir Julie M. Brodtkorb halde sine innlegg, før vi avsluttar fagseminaret med eit humorforedrag med «Kjellen frå Klypa», fortel Baraas.

MEFs påtroppande administrerande direktør Julie M. Brodtkorb deltek på Loendagane. Foto: Jørn Søderholm


Maskinentreprenørenes Forbund (MEF) sine avdelingar i Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal står som arrangør for dei årlege Loendagane. Årets Loendagar er det 38. arrangementet i rekkja. Loendagane er eit arrangement for MEF medlemar i region vest (Nord Rogaland, Hordaland, Sogn og Fjordane) og region midt (Nord og Sør-Trøndelag og Møre og Romsdal).

Følg Loendagane på Facebook.

Kontaktpersonar:

Regionsjef Paul Olaf Baraas
Tlf 906 22 087

Regionsjef Øyvind Bergset
Tlf 908 29 990


 

Kontakt oss

MEF
Postboks 505 Sentrum
0105 Oslo
Telefon: 22 40 29 00
E-post: firmapost@mef.no

Besøksadresse

MEF
Fred. Olsensgt. 3
0152 Oslo (NB! Kun besøksadresse)

Snarveier

Nyhetsarkiv
Medlemsoversikt
Intranett for MEF ansatte
MEFs KS/HMS
Anleggsmaskinen