Årsmøter for Region Vest

01.03.2018
Styret_MEF_avd_Sogn_og_Fjordane.jpg

MEFs avdeling Sogn og Fjordane, Nord Rogaland og Hordaland gjennomførde sine årsmøter i Bergen den 16. – 18. februar. 

Det nyvalde styret i MEF Sogn og Fjordane består av: Styreleiar Harald Kvame - Naustdal, nestleiar Jon Gudbrand Kveen Øvre-Flo - Stryn, styremedlemane Sverre Anton Sunde – Skei i Jølster, Harald Even Fosse – Vangsnes, Stein Åge Sunde Skei i Jølster og varamedlemane Dag Lomheim – Hafslo, Trond Magne Sognnes – Hyllestad og Torleiv Straume - Hyen. Foto Paul Olaf Baraas

Det var rundt 140 entreprenørar, leverandørar og gjester tilstades på arrangementet.

2017 har vore eit spennande år for bransjen med mange store prosjekt å ta tak i. Mykje godt arbeid er utført av medlemsbedrifter. Det kjem fleire store infrastrukturprosjekt samt auka fokus på etterslepet på riks og fylkesvegane i dei neste åra som fører til auka aktivitet for medlemsbedriftene.

VA-sektoren treng eit kraftig løft der fleire av kommunane bør auke satsinga på opprusting av vatn- og avlaupsnettet dei nærmaste åra. Styret i avdelinga har gjennom året arbeidd med saker frå Arbeidsplanen.

Viktige saker har mellom anna vore tipp-problematikk, Statens vegvesen sine kontraktstorleiker, VA og rekruttering der manga av sakene blir vidareført i 2018.

Opplæringskontoret for anleggs og bergverksfaga (OKAB) er det leiande opplæringskontoret for anleggsbransjen der ein har hatt ein auke i antal lærlingar på rundt 70 % sidan 2011. MEF samarbeider blant anna med EBA om ingeniørstudiet innan bygg og anlegg ved Høgskulen på Vestlandet (HVL) om å utdanne ingeniørar til vår bransje.

Bak f.v: Stine Wikholm, Kjell Trengereid, Torleiv Halleland, Torgeir Sandsgård, Arvid Asphaug. Framme f.v: Rudi Soltvedt, Leidulf Brattli, Øystein Hope, Rune Grimstad og Bjørn Nord Stalheim. Foto Paul Olaf Baraas. 

Det nyvalde styret i MEF avd Nord Rogaland og Hordaland består av:
Styreleiar Øystein Hope – Isdalstø, nestleiar Rune Grimstad – Laksevåg, styremedlemane Torleiv Halleland – Sveio, Bjørn Nord Stalheim – Voss, Arvid Asphaug – Blomsterdalen, Rudi Soltvedt – Kleppestø, og Kjell Trengereid - Godvik

Kontakt oss

MEF
Postboks 505 Sentrum
0105 Oslo
Telefon: 22 40 29 00
E-post: firmapost@mef.no

Besøksadresse

MEF
Fred. Olsensgt. 3
0152 Oslo (NB! Kun besøksadresse)

Snarveier

Nyhetsarkiv
Medlemsoversikt
MEFs KS/HMS
Personvernerklæring
Intranett for ansatte