Alt klart for Loendagane i helga

25.09.2018
Julie i gravemaskin ingress - loen Foto Runar Daler.jpg

Bettina Sandvin, Julie Brodtkorb og 3000 besøkande er ventet til Loen i helgen. 

Julie Brodtkorb på Loendagane i 2017. Foto: Runar Daler, Anleggsmaskinen

Til helga kjem opp mot 3 000 besøkande til Loendagane 2018. «Byggherresjef» Bettina Sandvin i SVV og MEF-sjef Julie M. Brodtkorb held innlegg på fagseminar laurdag.

Komande helg inviterer MEF Region Midt og Vest til det tradisjonsrike arrangmentet Loendagane.

– Vi reknar med opp mot 3000 besøkande i løpet av helga. Laurdag 29. september er dagen med mest besøk, forteller regionsjefane Paul Olaf Baraas og Øyvind Bergset.

Familiar og tilsette

Loendagane er eit arrangement der medlemsbedriftene deltek med sine familiar og tilsette. Det er påmeldt 58 leverandørar til utstillinga inne og ute på årets Loendagar.

Dei representerer det meste som anleggsbransjen treng av programvare, utsyr, maskiner, bilar med meir.

Laurdag 29.september er det fagseminar i Loensalane. Der skal avdelingsdirektør i Statens vegvesen Vegdirektoratet Bettina Sandvin og MEFs administrerande direktør Julie M. Brodtkorb halde innlegg

Villstyring

– Vi avsluttar fagseminaret med humorforedraget «Ein villstyring i fri dressur» med Roy Aron, fortel Bergset og Baraas.

Maskinentreprenørenes Forbund (MEF) sine avdelingar i Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal står som arrangør for dei årlege Loendagane.

Årets Loendagar er det 39. arrangementet i rekkja. Loendagane er eit arrangement for MEF medlemar i region vest (Nord Rogaland, Hordaland, Sogn og Fjordane) og region midt (Nord og Sør-Trøndelag og Møre og Romsdal).

Følg Loendagane på facebook. 


Kontakt oss

MEF
Postboks 505 Sentrum
0105 Oslo
Telefon: 22 40 29 00
E-post: firmapost@mef.no

Besøksadresse

MEF
Fred. Olsensgt. 3
0152 Oslo (NB! Kun besøksadresse)

Snarveier

Nyhetsarkiv
Medlemsoversikt
MEFs KS/HMS
Personvernerklæring
Intranett for ansatte