Denne delen av SVV skal ha sitt hovudsete i Bergen og leiast av Utbyggingsdirektør Kjell Inge Davik.
I samband med oppstarten hadde SVV v/Davik invitert til eit kick-off miniseminar, der ordførar Marte Mjøs Pedersen ynskte utbygging velkomne til Bergen. Ho sa blant anna at det er viktig at dei ulike divisjonseiningane i SVV var plassert utanom Oslo og var veldig glad for at utbygging er i Bergen.
Helge Orten som er leiar av Stortingets transport- og kommunikasjonskomité snakka frå eit politisk perspektiv. Han var oppteken av at veg vil vere viktig for å bygge landet, også i ei tid med sterkt miljøfokus. Han var og inne på at skal vi greie å ha verdiskaping i heile landet, må infrastrukturutbygging stå høgt på dagsorden framover, og det meste av infrastrukturutbygginga er veg.
Ny teknologi vil vere ein svært viktig del av utbygginga framover blant anna i forhold til utslepp/klimaavtrykk.
Vår nye vegdirektør Ingrid Dahl Hovland snakka om eit nytt SVV som er rigga for framtidas utfordringar. Ho var innom at dei måtte ta i bruk ny teknologi raskt og utvikle plattformer i skyen for å dele mykje av den store datamengda SVV har og frå framover. Ho snakka og om å vegnormalane som skal digitaliserast og forenklast.
MEF og EBA var invitert til å kome med råd på vegen til den nye utbyggingsdivisjonen. Omorganiseringa mellom SVV og Fylkeskommunen har medført til oppdragstørke i marknaden og at utbyggingsdivisjonen raskt kan kome med utlysingar av oppdrag for å avhjelpe situasjonen.
Paul Olaf Baraas var innom at bransjen saman med SVV kan arbeide meir saman om å redusere omfanget av brot på lønns- og arbeidsvilkår.
Andre råd var blant anna beskrivingar basert på standard prosessbeskriving.
- Ha som hovudregel at ein skal bruke prisberande postar slik at ein reduserer-/unngår bruk av RS-postar.
- Velje entrepriseform og kontraktstype som er tilpassa arbeidet som skal utførast og som innehar tilstrekkeleg grad av incentiv som fremjar betre løysingar og kostnadsinnsparing.
- Halde seg til etablerte bransjestandardar. Gjennomføring og samhandling i prosjekta basert på openheit og tillit og ha ei byggherreleiing som løyser saker undervegs i prosjektet.
- Behalde dagens lærlingordning som fremjar auka bruk av lærlingar i prosjekta.
Anbefalingar til utsleppskutt var det retta fokus på blant anna;
- Transportavstanden på produkta som brukast i anleggsprosjekta må takast i betraktning, ikkje kun utslepp frå maskiner.
- Redusere lange transportavstandar for massar.
- Krav til Euro-/Steg-nivå på lastebilar og anleggsmaskiner.
- Behov for incentiver som fremjar bruk av ikkje-fossilt drivstoff, elektriske anleggsmaskiner
Baraas avslutta med å si at ein kun kan lykkast ved at ein har eit godt samarbeide mellom SVV, RIF (rådgjevande ingeniørar), MEF og EBA (entreprenørane).
Utbyggingsdirektør Kjel lnge Davik avslutta seminaret med «Nytt og spennende. Vi er klare!» Her kom han blant anna i møte mange av dei råda som MEF kom med, samt med invitasjon til samarbeid og dialog med bransjen.